Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis (Oct 2024)

Nytt medium, andre skriftmøte? Skrift som modalitet i fire digitale remedieringar av ei trykt bildebok

  • Anne Marta Vinsrygg Vadstein

DOI
https://doi.org/10.23865/up.v18.5941
Journal volume & issue
Vol. 18, no. 2

Abstract

Read online

Trykte bildebøker kan remedierast og publiserast digitalt, noko som inneber at dei meiningsberande ressursane, slik som skrifta og bilda, blir tilpassa det nye mediet. Bildebøker er kjende literacyartefaktar (Hamilton, 2000) i barnehagen, og det er derfor relevant å sjå på om digitale remedieringar gir andre føresetnader for barns tidlege møte med skriftspråket enn den trykte boka gir. Studien byggjer på Gunther Kress og Theo Van Leeuwen (1996, 2021) sin teori om informasjonslenking og analyserer skrifta som modalitet i fire ulike digitale variantar av bildeboka En fisk til Luna (Aisato, 2014). Tekststudien viser at dei digitale produsentane gjer tilpassingar som påverkar skrifta si funksjonelle tyngde både i forteljinga og i paratekstane (Genette, 1997): gjennom skriftmarkering, ved å ta vekk skrifta, endre plasseringa og innramming, eller ved å leggje til trykkefelt med ordbilde. Bakgrunnen for studien er at barn får erfaringar med språk og skrift gjennom å delta i sosiale praksisar med tekstar, som til dømes bildebøker (Snow, 2006, ss. 3–4). Studien diskuterer kjenneteikn ved skriftmodaliteten i dei fire ulike digitale versjonane, kva haldningar til skrift som meiningsberande modalitet dei kan vere uttrykk for, og kva for implikasjonar bruken av desse bøkene kan ha for barnehagen. ENGLSISH ABSTRACT New Medium, Different Writing Encounters? Writing as Modality in Four Digital Remediations of a Printed Picture Book When printed picture books are adapted for digital publication, meaningful resources such as written text and images are modified to fit the new medium. This text study, based on Gunther Kress and Theo Van Leeuwen’s social semiotic theories (1996, 2021), examines the writing modality in four different digital versions of the picture book A Fish for Luna (Aisato, 2014). Children experience language and written texts through participation in literacy practices (Snow, 2006, pp. 3–4), and picture books are recognized as familiar literacy artefacts (Hamilton, 2000) in Early Childhood Education and Care (ECEC). Therefore, it is relevant to discuss whether adapted digital books provide different encounters with the writing modality for the target group than the printed book does. The study shows that the digital producers make adjustments that affect the functional weight of the writing modality in both the narrative and the paratexts (Genette, 1997). These adjustments include marking, removing written text, changing the position and framing, or adding hotspots with word pictures. The study identifies characteristics of the writing modality in the four digital versions and how they express different views on writing as a semiotic resource. It then discusses possible implications for literacy practice in ECEC.

Keywords