Tidsskrift for velferdsforskning (Nov 2023)

Uformelle tilleggstenester og fråverande politisk interesserepresentasjon?<subtitle>Frivillige organisasjonar sine relasjonar til kommunar innan helse- og omsorg i Noreg</subtitle>

  • Ivar Eimhjellen

DOI
https://doi.org/10.18261/tfv.26.4.3
Journal volume & issue
Vol. 26, no. 4
pp. 1 – 15

Abstract

Read online

Frivillige organisasjonar er hevda å kunne bidra i velferdsproduksjon på måtar offentlege og kommersielle aktørar ikkje kan. Overordna kan ein skilje mellom bidrag i form av politisk interesserepresentasjon i utviklinga av velferdstenester og i form av sjølve produksjonen av velferdstenester. Med utgangspunkt i manglande kunnskap om utbreiing av dei to ulike typane velferdsbidrag frå frivillige organisasjonar i Noreg drøftar og undersøker eg empirisk i denne artikkelen i kva grad frivillige organisasjonar innan helse- og omsorgsfeltet har relasjonar til kommunar som omhandlar tenesteproduksjon og politisk interessepresentasjon, i kva grad relasjonar er formaliserte og institusjonaliserte, og kven som har definisjonsmakt og styringskontroll i relasjonane. Kvantitative analyser av data frå ei spørjeundersøking blant 465 frivillige helse- og omsorgsorganisasjonar syner her at organisasjonar sine relasjonar til kommunar i relativt stor grad handlar om formell interesserepresentasjon og til ein viss grad om samarbeid om kommunal tenesteyting, men er dominert av mindre institusjonalisert enkeltsakssamarbeid. Det ligg her eit potensial til å betre dra nytte av frivillig sektor sine særbidrag i utviklinga av og i produksjonen av velferdstenester i Noreg. For å få til dette kan ei forbetring av dei grunnleggande rammevilkåra for frivillige organisasjonar innan helse og omsorg vere ein viktig faktor.

Keywords