Barnelitterært Forskningstidsskrift (Jan 2019)
«Moltemyrene våre skal få stå gule»
Abstract
Denne artikkelen gjev ei økokritisk lesing av Birger Jåstads forfattarskap for barn. Dei seks romanane som eg tek føre meg i denne artikkelen (utgjevne mellom 1974 og 1983), tematiserer alle forholdet mellom kultur og natur. I romanane kan vi identifisere ulike økologiske posisjonar, og i fleire passasjar finn vi tydeleg djupøkologisk tankegods. Det er likevel ein meir antroposentrisk posisjon som dominerer i romanane, og den eigentlege helten i romanane er det tradisjonelle samfunnet, heilt konkret den nordnorske fiskarbondekulturen og den samiske reindriftskulturen. Desse tradisjonelle levemåtane er under press frå ein andletslaus modernisering, til dømes i form av kraftutbyggingar og urbanisering. Det er likevel karakteristisk for romanane at desse kreftene aldri kjem i forgrunnen.
Keywords