Heimen (Jan 2023)

Heimen. Erkjenningsinteresser, redaksjonell profil og innhald. Del 1 (1922–1994)

  • Leidulf Melve

DOI
https://doi.org/10.18261/heimen.59.4.2
Journal volume & issue
Vol. 59, no. 4
pp. 284 – 297

Abstract

Read online

Samandrag Artikkelen diskuterer det lokalhistoriske tidsskriftet Heimen frå grunnlegginga i 1922 til 1994. Vekta er innleiingsvis lagt på det første nummer, ettersom dette skreiv fram tre erkjenningsinteresser som var med på å prege tidsskriftet i perioden, om enn i ulik grad. Det er tale om ei lokalhistorisk erkjenningsinteresse, i kraft av at tidsskriftet primært publiserte lokalhistorisk materiale som stod i ein opposisjon til det rikshistoriske. Den institusjonelle erkjenningsinteressa heng saman med den lokalhistoriske, men denne dreidde seg om at tidsskriftet tok mål av seg til å vere kanalen for å formidle eit mangfald av lokalhistorisk stoff frå kringom i Noreg. Den vitskaplege erkjenningsinteressa var ein refleksjon av at tidsskriftet ikkje ønska berre å vere eit talerøyr for den lokalhistoriske rørsla, men også å etablere lokalhistorie som ein historisk bindestreksdisiplin.

Keywords