Nordic Journal of Arts, Culture and Health (Jan 2021)
Eksistensielle stormar, toreskyer og hus med rolege hav: ei vitskapeleg og poetisk utforsking av sosial støtte i psykisk helsearbeid
Abstract
Bakgrunn: Forskinga er tydeleg på at sosial støtte er avgjerande for god psykisk helse. Denne artikkelen handlar om folk sine erfaringar med forhold som fremjar og hemjar sosial støtte i psykisk helsearbeid. Artikkelen har som mål å utforske forhold som påverkar sosial støtte i vår tid, spesielt relatert til korleis vi opplever støtte i kjensleliv og praktisk kvardag når vi går gjennom langvarige psykiske helsevanskar. Metodologi: Inspirert av poesi som metode har vi reanalysert delar av datamaterialet etter gjennomførte fokusgruppeintervju og deltakande observasjon. Metodedelen tek føre seg kvifor poesi som analysemetode og verktøy kan vere relevant, både i analyseprosess og i presentasjon av data. To av forfattarane har erfaringar med psykiske helsevanskar. Funn: Funna er presentert gjennom to poetiske hovudtema: I: det som blomstrar og II: det som visnar. Funna beskriv kva betyding estetikk, økonomi, strukturelle tilhøve og haldningar kan ha for opplevinga av sosial støtte. Originalitet: Artikkelen løftar fram nokre av sosial støtte sine vilkår ved hjelp av poetisk analyse og formidling, og inviterer til innsikter som tradisjonelt format ikkje alltid kan gje.
Keywords