Nordisk Tidsskrift for Helseforskning (Apr 2021)

Dygdsetikk i møte med etiske dilemma i den kliniske kvardagen

  • Anne Guro Korsvoll,
  • Kari Marie Thorkildsen

DOI
https://doi.org/10.7557/14.5448
Journal volume & issue
Vol. 17, no. 1

Abstract

Read online

Omsorgsutøvarar møter dagleg etiske dilemma, og ei innebygd handlingsforventning fører ofte til at ein må ta val basert på personleg intuisjon meir enn systematisk refleksjon. Hensikten med artikkelen er å sjå kva dygder som hjelper og styrker omsorgsutøvaren i møte med etiske dilemma i den kliniske kvardagen. Det vart gjennomført eitt fokusgruppeintervju med seks omsorgsutøvarar frå ulike avdelingar i ein sjukeheim, og data vart analysert i trå med den fenomenologisk-hermeneutiske metoden til Lindseth og Norberg. Dygder, eller fråver av desse, kjem fram i følgjande tema å sjå situasjonen i ein større heilskap, å vekse i lag med andre, å vekse i seg sjølv, å kjenne seg åleine og å søke noko anna. Dygda fronesis, der bevisstgjort og tilegna kunnskap og erfaring vert aktualisert i den enkelte situasjon, kan hjelpe omsorgsutøvaren til å stå styrka i møte med etiske dilemma i den kliniske kvardagen. Virtue ethics facing ethical dilemmas in clinical practice Everyday care practitioners encounter ethical dilemmas, and situations that require intervention often make the care practitioner base her choices on personal intuition rather than systematical reflection. This article explores which virtues help and strengthen the care practitioner in ethical dilemmas in her clinical practice. Six care practitioners from different wards in a nursing home participated in one focus group interview, and the data was analyzed according to Lindseth and Norberg´s (2004) phenomenological-hermeneutical method. Virtues, or the absence of them, appear in the following themes; to grow as an individual, to grow together with others, to feel alone, to seek something else, and to see the situation in a larger context. Phronesis as a virtue, where conscious and appropriated knowledge and experience are actualized in every single situation, can help the care practitioner to better meet ethical dilemmas in clinical practice.

Keywords