Tidsskrift for Kjønnsforskning (Apr 2024)

Kollektiv analyse av innvandringspolitikk: Feministiske forskingsmetodar i praksis

  • Helga Eggebø,
  • Anne Balke Staver

DOI
https://doi.org/10.18261/tfk.48.1.4
Journal volume & issue
Vol. 48, no. 1
pp. 37 – 51

Abstract

Read online

I denne artikkelen tek me utgangspunkt i omgrepet «sakteforsking» og utforskar korleis ein kan jobba med kritisk tenking og kreativitet gjennom kollektive analyseprosessar. Caset er ein analyseworkshop me gjennomførte hausten 2022, inspirert av kollektiv kvalitativ analyse (KKA) (Eggebø 2020b) og kva er «problemet»?-tilnærminga (WPR) (Bacchi og Goodwin 2016). Her deltok ei forskargruppe på fem personar i arbeidet med å analysera politiske dokument om innvandringspolitikk. I artikkelen skildrar me korleis me gjekk fram, og drøftar våre erfaringar i lys av forskingslitteraturen om kollektive forskingsmetodar. Me erfarte at dei stegvise prosedyrane i KKA og WPR var nyttige for framdrift og integrering i prosjektet. Men den viktigaste fordelen med kollektive analysar er at det opnar opp eit kollektivt rom for kreativitet og kritisk tenking. KKA, WPR og god prosessleiing gjev tydelege rammer og skapar den tryggleiken som gjer gruppa i stand til å kanalisera kreativitet og fantasi inn i analyseprosessen. Samstundes vil me understreka at ein kan skapa gode gruppeprosessar med ulike føremål, framgangsmåtar og teoretiske tilnærmingar, og at utviklinga av kollektive arbeidsmåtar i akademia er ein praksis me vil oppfordra studentar og forskarar til å ta del i.

Keywords