Tidsskrift for Omsorgsforskning (Jan 2020)

Samhandling om kvardagsrehabilitering – ein kvalitativ studie

  • Anne Marie Sandvoll,
  • Torunn Ruud,
  • Atle Hole Sæterbakken

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.2387-5984-2020-01-10
Journal volume & issue
Vol. 6
pp. 1 – 14

Abstract

Read online

Samandrag Studiar om fagpersonar sine erfaringar med samhandling om kvardagsrehabilitering er etterspurt. Hensikta med studien var å utforske og beskrive korleis tilsette erfarer samhandling om kvardagsrehabilitering. Gjennom 13 kvalitative intervju fekk vi innsikt i korleis tilsette i heimetenestene erfarer samhandlinga. Informantane beskriv ei ambivalens i samhandlinga. På den eine sida opplever informantane god samhandling i teamet, felles forståing for oppgåvene og lite konfliktar innanfor teamet. Samstundes erfarer informantane at samhandlinga med resten av heimetenestene er meir utfordrande. Denne ambivalensen kan forståast som at informantane opplever å stå i eit spenningsfelt mellom ope og lukka samarbeid. Vidare er fleksibilitet i samhandlinga viktig for at arbeidsoppgåvene skal bli gjort og kvardagen skal fungere. Informantane må ofte prioritere oppgåver i heimetenesta framfor kvardagsrehabilitering, og ta att oppdrag med kvardagsrehabilitering seinare på dagen. Fleksibiliteten er særleg utfordrande for informantane med delt stilling i kvardagsrehabiliteringsteam og ordinær heimeteneste. Prioriteringa av hasteoppgåver bremsar arbeidet med kvardagsrehabilitering. Informantane beskriv korleis digitalisering lettar samhandlinga mellom for eksempel fastlege, sjukehus og heimetenesta. Elektroniske verktøy fungerer som ein møteplass for samhandling. Det er behov for vidare utforsking av korleis digitalisering bidreg i samhandlinga om kvardagsrehabilitering.

Keywords