Studia Musicologica Norvegica (Nov 2024)
Kulturskribent i krisetid: Kurt Weill og musikken sin gestiske karakter
Abstract
I denne artikkelen løftar eg fram kulturskribenten Kurt Weill, og tilbyr ei «lysløype» gjennom eit utval avisartiklar, essay og brev Weill skreiv i perioden 1918–1932. Weill sin tekstlege produksjon gir eit rikt innblikk i ei samtid prega av eit mylder av kulturelle og teknologiske eksperiment og nyvinningar der mange omgrep og konsept stadig fekk nye meiningar og skiftande symbolverdi. I artikkelen argumenterer eg for at det finst ein kontinuitet i Weill sine refleksjonar kring operaform og scenisk musikk gjennom desse åra som gir eit viktig grunnlag for auka forståing av konseptet musikken sin gestiske karakter. Med utgangspunkt i Weill sitt oppgjer med Wagner sine psykologiserande musikkdrama og eit opprop om ei fornying av operaforma løftar eg i artikkelen fram sentrale diskusjonar kring operaen sitt materiale og han sin samfunnsmessige funksjon, bruken av musikalske og sceniske verkemiddel og sjølve musikken sin evne og rolle.
Keywords