Nordlyd: Tromsø University Working Papers on Language & Linguistics (Dec 2023)

Lektorstudentar og elevar på vidaregåande sine haldningar til dialekt, tospråklegheit og aksentprega norsk

  • Ragnhild Lie Anderson

DOI
https://doi.org/10.7557/12.7074
Journal volume & issue
Vol. 47, no. 2

Abstract

Read online

Denne artikkelen byggjer på ei spørjegransking av i kva grad både studentar som skal bli lærarar, hovudsakleg i norsk, og elevar som går i vidaregåande skule er samde eller usamde i påstandar som går på korleis lærarar og skulen bør agera i høve til dialekt, tospråklegheit og aksentprega norsk. Påstandane som undersøkinga byggjer på, er arva frå Lars Anders Kulbrandstad, som gjorde ei liknande undersøking blant lærarstudentar i 2007. Språkhaldningar inngår som eit viktig kompetansemål i skulen og er såleis noko både lærarane og elevane i vidaregåande treng å ha medvit kring og meiningar om. Det empiriske materialet består av svar frå 308 respondentar, 170 elevar i vidaregåande skule og 138 studentar som skal bli lektorar i skulen. Resultata viser at begge gruppene jamt over er positive til alle desse tre hovudområda, men at komande lektorar er meir positive både til dialekt, opplæring i tospråklegheit og aksentprega norsk enn elevane er.

Keywords