Teologisk Tidsskrift (Dec 2023)
Når Gud sender pest – i Det gamle testamentet<subtitle>Ein semantisk analyse</subtitle>
Abstract
Det hebraiske ordet דֶּבֶר blir i Bibel 2011 gjengitt med «pest». Ein semantisk analyse viser at ordet ikkje har tydingar som refererer til smittsam sjukdom, men til brå død. I somme tekstar er ordet tilnærma synonymt til Resjef og Qeter, som i utanomisraelittiske tekstar refererer til guddomar eller demonar. Også i den hebraiske teksten ligg ei slik forståing av דֶּבֶר nær, og det ville difor vera omsetjingsteknisk på sin plass å søkja andre gjengivingar av det hebraiske ordet.
Keywords