Heimen (Jan 2020)
«Nøisomheds Dyder»
Abstract
Samandrag Artikkelen bygger på ein studie av skriftlege avtalar frå dei første tiåra av 1800-talet, der siktemålet var å fremme sparsemd og måtehald hos allmugen. Det empiriske materialet er undersøkt med sikte på å avdekke fellestrekk og lokal variasjon i denne typen semjer. Sentrale tema er knytt til spørsmål om kva avtalen gjekk ut på, kven som tok initiativ lokalt, kva motiv som blir oppgitt, korleis ein gjekk fram for å få allmugen til å gi samtykke og korleis ein tenkte seg å føre kontroll med at reglane blei etterlevd. Den faglege drøftinga følger opp spørsmål historikaren Hans Try har reist, om slike avtalar er å sjå som forløparar for frivillig foreiningsliv. Forfattarens konklusjon er at grunnlaget for slik tolking er heller svakt, og at det er lite som minner om brot med det gamle samfunnets paternalistiske prinsipp for kommunikasjon mellom øvrigheit og allmuge.
Keywords