Internasjonal Politikk (Aug 2023)

Norsk tenestehandel og EØS

  • Hildegunn Kyvik Nordaas

DOI
https://doi.org/10.23865/intpol.v81.5657
Journal volume & issue
Vol. 81, no. 3
pp. 324 – 355

Abstract

Read online

Denne artikkelen ser på korleis EØS-medlemskapet har påverka norsk tenestehandel. Ved hjelp av ein gravitasjonsmodell studerer eg først verknaden av EØS for handel med tenester generelt. Deretter går artikkelen inn på sentrale tenestesektorar og studerer effekten av spesifikke handelspolitiske indikatorar. Analysen viser at EØS-avtalen er assosiert med rundt 35 prosent høgare eksport samanlikna med ein frihandelsavtale. I finansielle tenester og kommunikasjonstenester er eksporten rundt 50 prosent høgare med EØS-avtalen samanlikna med ein handelsavtale. Brexit endrar desse estimata overraskande lite. Opne, velregulerte og harmoniserte marknader for kommunikasjonstenester er spesielt viktig for tenestehandelen.

Keywords