Norsk Statsvitenskapelig Tidsskrift (Jan 2021)
Avgjerdsfelle eller tvitydig reform?
Abstract
Den nylege norske kommunereforma resulterte i stor lokal og regional variasjon i samanslåingstakta, både mellom fylke og mellom regiontypar. Formålet med artikkelen er å forklare dei geografisk varierande resultata ved å sjå kommunereforma i lys av to ulike teoretiske rammeverk, teorien om avgjerdsfeller og strøymingsmodellen. Teorien om avgjerdsfeller seier at der politikkutforminga er prega av forhandlingar mellom nivå, vil utfallet gjerne bli det minste felles multiplum for aktørane, som ofte er status quo. Denne forventninga blir i all hovudsak innfridd. Der resultatet blir eit anna, er det fordi dei involverte kommunane sjølve har vore samde om ei endring. Fokus kunne då bli på problemløysing meir enn forhandlingar. Det som teorien om avgjerdsfeller ikkje forklarer tilfredsstillande, er variasjonen i utfall i tid og rom. Her har vi meir nytte av strøymingsmodellen, som peikar på at komplekse tiltak og uklare avgjerdsreglar skaper tvitydnad og rom for å legitimere ulike standpunkt og handlingsalternativ. Tvitydnad gjev grunnlag for varierande løysingsframlegg både blant fylkesmennene og på kommunenivået. Dessutan peikar denne modellen på at variasjon i den politiske straumen mellom ulike avgjerdspunkt i rom og tid gjev ulike utfall av den politiske prosessen, noko vi kunne finne att i ulike fasar av kommunereforma.
Keywords