Norsk Museumstidsskrift (Dec 2023)

Kvardagens ferjereiser

  • Heidi Richardson

DOI
https://doi.org/10.18261/mus.9.1-2.2
Journal volume & issue
Vol. 9, no. 1-2
pp. 8 – 23

Abstract

Read online

Samandrag Naturtilhøva og geografien i Kyst-Noreg har medført at ferjer for mange har vorte ein sjølvsagt del av kvardagen. I denne artikkelen er eg ute etter å analysere og forstå korleis folk handterer eit tilvære med avhengigheit av ferjer. Eg analyserer korleis ferjesystemet med sine rutinar og rutetabellar vert vove saman med bilsystemet. Desse to tekniske systema har til dels særs ulik logikk. Ved å nytte perspektiv henta frå modernitetsteori og mobilitetsteori vert denne samanvevinga og konsekvensane av den analysert. Overgangen ein i Fjord-Noreg fekk frå kommunikasjon fyrst og fremst basert på rutebåtar, til eit system basert på vegar og ferjer, viser at ein her finn både brot og kontinuitet. Dette vert analysert med utgangspunkt i modernitetsteori og mobilitetsteori. Ved hjelp av perspektiv henta frå kulturforskaren Phillip Vannini har eg analysert korleis dei ferjereisande gjennom sin kreativitet skapar praksisar og kroppsleggjorde kvardagsrutinar på ferja. Perspektiva til sosiologar med interesse for kaféliv vert nytta til å få fram korleis ferjesalongen er både møteplass og del av lokalsamfunnets demokratiske infrastruktur. Eg er med andre ord ute etter å forstå korleis ferjesystemet vev seg inn i folks kvardagsliv, og kva kulturelle konsekvensar det bringar med seg.

Keywords