InFormation: Nordic Journal of Art and Research (Jul 2014)
"Kjekt å ha": Læraroppfatningar av praktiske og estetiske fag på barnesteget i grunnskulen
Abstract
I denne artikkelen presenterer me funn i Skolefagsundersøkelsen 2011, ei nasjonal spørjeundersøking som prøver å kartleggja læraroppfatningar av ulike sider ved undervisning og vilkår for dei praktiske og estetiske skulefaga (PE-fag) på 1.– 7.årssteget i grunnskulen. Spørsmåla me fokuserer på i artikkelen er knytte til kva haldningar lærarar har til PE-fag og til bruken av metodar frå PE-fag i andre skulefag. Våre funn viser at vår informantgruppe av lærarar på barnesteget gjennomgåande har positive haldningar til praktiske og estetiske fag og at dei har stor tru på bruk av metodar knytt til PE-fag i andre fag, men at metodane vert lite brukte i skulekvardagen.