Heimen (Jan 2023)
Heimen. Lokalhistoria inn i eit nytt tusenår. Del 2 (1995–2022)
Abstract
Samandrag Artikkelen diskuterer det lokalhistoriske tidsskriftet Heimen frå 1995 til 2022. Utgangspunktet er den allereie skisserte utviklinga til tidsskriftet frå grunnlegginga i 1922 til 1994, men merksemda er først og fremst retta mot korleis Heimen møtte spørsmål og utfordringar som eit nytt tusenår målbar. Ei kvantitativ analyse av alle hovudartiklane i tidsskriftet i perioden (1995–2022) dannar eit grunnlag for å diskutere profilen til Heimen ved også å dra inn redaksjonelle programforpliktingar og debattar om tidsskriftet så vel som einskilde artiklar som tek opp lokalhistorie som felt.
Keywords