Norsk Museumstidsskrift (Oct 2024)
Immateriell kulturarv på utstilling<subtitle>Eit interaktivt møte mellom handverkar, publikum og handverk med klinkbåttradisjonen som eksempel</subtitle>
Abstract
Immateriell kulturarv har fått auka merksemd. Dette kjem til syne i normative dokument som tildelingsbrev frå Kulturdepartementet, FN sine berekraftsmål, ICOM sine etiske retningsliner og UNESCO-konvensjonen, der klinkbåttradisjonen blei innskriven som immateriell kulturarv i 2021. Artikkelen er eit bidrag i forskinga omkring korleis museum formidlar immateriell kulturarv, og korleis formidlinga verkar inn på besøkande si oppleving og meiningsskaping. I artikkelen tar eg utgangspunkt i Båten og menneske, ei vandreutstilling om klinkbåttradisjonen der besøkande får eit direkte møte med handverket og handverkaren og kan interagere med eit mangfald av formidlingsformer, også utøvande og praktiserande. Som medprodusent reflekterer eg over formidlings- og læringsformene vi bruker, frå eit innside- og praktikarperspektiv. Gjennom analyse av data frå observasjonar og intervju og eit teoretisk perspektiv med vekt på formidlings- og læringsteori utforskar eg i artikkelen dei besøkande sine opplevingar og refleksjonar. Analysen viser korleis taktile erfaringar og dialog leiar til auka meiningsskaping egna til å aktivere og fremme engasjement og forståing.
Keywords