Norsk Antropologisk Tidsskrift (Dec 2023)

Frå Barth sitt aktørperspektiv og Geertz sin kulturhistorie til Pfeilstetter sitt omgrep «entrepreneurialization»<subtitle>Ei drøfting av nyttige perspektiv til forståinga av politiske entreprenørprosessar i Sudan</subtitle>

  • Leif Manger

DOI
https://doi.org/10.18261/nat.34.3-4.10
Journal volume & issue
Vol. 34, no. 3-4
pp. 283 – 298

Abstract

Read online

Sammendrag Artikkelen introduserer først to klassiske antropologiske analyser av entreprenørprosessar, Barth sin aktørorientering der entreprenøren starter sosiale endringsprosessar, og Geertz sitt kulturorienterte perspektiv der entreprenøren er del av ei gruppe som skaper ein business culture. Barth spør «kva gjer entreprenøren»?, mens Geertz spør «kven er entreprenøren?». For å vise at begge perspektiva er nyttige vert dei nytta som utgangspunkt for kvar sin empiriske gjennomgang. Barth sine tre konverteringsveiar i fur-samfunnet viser seg å vere starten på prosessar som er viktige også i dag over heile Sudan. For Geertz så er hans perspektiv utgangspunkt for ei drøfting av jellaba-handelsgrupper i Sudan, som nettopp er den type entreprenørgrupper Geertz meiner kan spele viktige rollar i den økonomiske utviklinga i dei nye nasjonane. Men for å fange dagens sudanesiske entreprenørprosessar så peiker artikkelen på Pfeilstetter sitt omgrep «entreprenørialisering» der me ser stadig meir komplekse samanhangar for entreprenørverksemd og der eindel dømer frå politiske prosessar i dagens Sudan vert drøfta for å gje eit innblikk i denne kompleksiteten, der kampen om staten sin rolle vert stadig meir dominerande i entreprenørprosessane.

Keywords